
«Etter at vi forlet synet av fastland, set flyet kursen utover Atlanterhavet. Etter drøye to timer med kun hav under oss, kjem eit magisk grønt og frodig rike til syne blandt alt det blå. Eit eventyrland! Frodige krater, med innsjøar i mange fargeskalaer viser seg fram og gjere oss ekstra spente. Gjestfrie mennesker tek i mot oss, som med stoltheit gleder seg til å vise fram øyriket som ligg så langt unna resten av verden. Sjølvhjulpne på alle måtar. Så mykje historie, kultur, natur og ein fantastisk flora vi har i vente….»







Pris per person i delt dobbeltrom kr 18990,- (Enkeltromstillegg + kr 3000,-)
Inkludert i turen:
• Fly tur/retur Oslo- Ponta Delgada
• 6 netter på 4-stjerners Sao Miguel Park Hotel
• Transport tur/retur flyplass i Ponta Delgada til hotell
• 6 frukoster
• 6 middager, der ein er på Bacalao med Fado underhaldning.
• 1 lunsj
• 2 lunsjbokser
• 2 timers byvandring med guide
• 2 vandreturar med transport og guide
• 2 dagsutflukter til blant anna varme kilder, botanisk hage, teplantasje, utsalg av lokale drikker og fleire utsiktspunkt.
Ikkje inkludert:
• Reisa fra heimen til Oslo og retur, Evt. overnatting
• Drikke
• Tips
Utfluktene våre:
• Vandringstur med guide til Sete Cidades. 12 kilometer. Cumeira Grande, inkludert utsiktspunktet Canario. Vanskelegsgrad: Lett. Vi utforskar vestsida av Sao Miguel. Sete Cidades innsjøen er ein av dei mest kjende og legendariske innsjøane på øya. Gjennom den 12 kilometer lange turen vil ein ha moglegheit til å lære om faunaen, floraen, historia, og dei vulkanske formasjonane om øya. Og sjølvsagt høyre den legendariske kjærlighets historia bak innsjøen. Etter vandreturen vil vi køyre langs sørkysten og stopper i Ferraria, eit forfriskande sjøbad, der sjøvatnet er oppvarma fra innsida av eit vulkankrater. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Det blir servert eit enkelt måltid på turen.
• Biltur til Furnas. På denne turen vil vi kunne føle og oppleve opprinnelsen av vulkanen i Furnas, ein magisk stad. Vi startar med ei spektakulær utsikt over Furnas-krateret der vi for ei oversikt over innsjøen og landsbyen Furnas. Vi fortset deretter med bil ned til innsjøen der vi tek ein roleg spasertur til Caldeiras da Lagoa das Furnas (Furnas lake Calderas). Dette er staden der restaurantane i byen koker den kjende «cozidos das Furnas» ein nydeleg matrett som er laga av varme frå jorda! Vi fortsetter deretter turen til byen Furnas med varme kilder som inneheld vatn med ulike smakar. Vi blir servert Cozido-måltidet på ein lokal restaurant. Etter lunsj besøker vi Terra Nostra botaniske hage som som er kjend for si store samling med planter som har opprinnelse frå Azorene, og ellers planter fra heile verden som likar seg i dette klimaet. Der kan ein også bade i eit jern-rikhaldig varmt svømmebasseng som har ein temperatur på 35-40 grader. Ein herleg opplevelse! Men pass på å ha hodet over vatnet og gjerne mørke badekle, då vatnet kan misfarge både hår, kle og skjegg😊 På vegen tilbake stoppar vi ved Europas einaste te-plantasje og utsiktspunktet Sta Iria på nord kysten av øya.
Anbefalt å ha med seg: gode sko, badekle, handkle og drikke.
• Vandringstur med guide til Faial da Terra til Salto do Prego. 11 kilometer Vanskelegsgrad: Medium. Faial da Terra er ein liten landsby i Provoacao, som ligg sør -aust på øya. Turen vår startar på ein sti som leder oss til Sanguinho- ein landsby som har vore forlatt sidan begynnelsen av 70- talet. .Resten av turen går på stiar i skogen med mange små opp og nedstigningar i tett og nydeleg vegetasjon. Dette er verkelege ein tur der du kan lukte alt det grønne omkring deg! Når ein når fram til Salto do Prego`s fossefall, har ein mogelegheit til å ta eit bad. På vegen tilbake følger vi ein sti, men med samme type vegetasjon. Når turen er ferdig har vi tid til ein matbit, eller så kan ein mingle med lokalbefolkninga. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Lunsjpakke er inkludert i denne turen.
• 2 timer byvandring med guide
• Biltur til Lagoa do Fogo. På denne turen vil vi køyre opp på toppen av Fogo fjellet det du vil ha ei spektakulær utsikt over Fogo innsjøen, vulkan krateret, og over øya og sjøen. Denne innsjøen er heilt blå, og er ein av dei flottaste innsjøane på øya. Etterpå vil vi bli køyrt til Caldeira Velha der ein kan få bade og slappe av i termisk basseng som er omkransa av storslagen fauna og flora. Deilig varmt vatn frå jordas indre!
Vi stopper med ein butikk, der dei sel lokale drikkevarer, før vi avslutter turen ved eit stopp på den flotte stranda Sta Barbara.
Anbefalt å ha med seg: badekle og handduk, ei lita niste og drikke.
Våre turar passar like godt for dei som reiser aleine, som dei som reiser i par eller grupper. Vi vel å ta med oss små grupper, slik at ein har mogeleheit til å bli godt kjende med kvarandre.
Vi vil gjere alt for at du skal få ein flott tur saman med oss!
Vil du være med? Send en mail til tove@tovetorareiser.no





