TILBAKEMELDING

Hageselskapet Sogn og Fjordane, Irland “Flott og innhaldsrik tur”

“I juli 2018 arrangerte Hageselskapet Sogn og Fjordane hage- og kulturtur til Irland i samarbeid med Tora Reiser. Det vart ei flott og innhaldsrik veke for oss 14 som var med. Vi budde godt på hotell Maldron Smithfield i Dublin. Det vart mange fine hagebesøk sør for Dublin, men i tillegg til flotte hagar/hageanlegg fekk vi også ein god dose smakebit av Dublin samt heildagtur til vestkysten av Irland. Vi takkar Tora Reiser for godt samarbeid!”

Fagforbundet Askvoll, Budapest “Vi vil anbefale Tora Reiser”

“Tusen takk til Tora Reiser for flott og trygt opplegg for Fagforbundet Askvoll sin 4 dagars medlemstur til Budapest Tora Reiser ordna alt for oss frå flyreisa, transfer, overnatting, middagar, guida tur og spa. Overnatting var på ærverdige 5-stjerners Corinthia Hotel, veldig sentral beliggenheit. Vi var mellom anna på elvecruise på Donau på kveldstid m/levande sigøynarmusikk og lekker middagsbuffet og drikke inkludert. Vinmiddag på Restaurant BorLaBor – 5- retters meny med 6 glass vin inkludert. Heile turen frå A-Å var heilt topp! Vi vil anbefale Tora Reiser, dei skreddersydde medlemsturen vår slik som ville, og over all forventning. Stor applaus frå Fagforbundet Askvoll.”