Venezia: 28. Mai – 1. Juni

Pris per person i delt dobbeltrom kr 13990,-

(Enkeltromstillegg  4000,-)

Opplev Venetianernes Venezia!

Inkludert:

• Fly tur /retur Bergen -Venezia

• 4 netter på 4- stjerners Hotel Santa Marina

• Båttaxi tur/retur Flyplass og Hotell

• 4 middager

• Byvandring og kåseri med norsk guide – «Utanfor turiststrømmen»

• Ein kveld i operaen

• Dagsutflukt med klassisk trebåt- «Vinsmaking på bondegård, Burano og Torcello»

Ikkje inkludert:

• Lunsj

• Drikke til maten

Program

Lørdag 28. Mai:

Avreise  Bergen  kl. 07.30- 08.25, mellomlanding Oslo. Avreise Oslo 10.40- Ankomst Venezia kl.13.20          

Vi tar taxibåt fra flyplass og krysser lagunaen. Allerede no får vi ein smakebit av ein by som er heilt utanom det vanlege, før vi kjem til Hotell Santa Marina

Velkomstmiddag

Søndag 29. Mai:

Venetianerenes Venezia 09.30-13.00.

Byvandring utenfor turiststrømmen og kåseri om Venezia ved  norske Rita Erster

Byvandring utenfor turiststrømmen og Kåseri om Venezia ved Rita Erster. 35-40 minutt

Vi får ei innføring om Venezia og byens spennande historie og utvikling.

Rita presenterer Venezias lange historie fra grunnleggelsen opp til i dag. Korleis byen vart til og korleis den er bygd opp. Kven var Venetianerene og kven er dei i dag? Vi kjem under huda på på denne unike byen og får ein djupare forståelse både av fortid og notid.

Dette blir eit godt utgangspunkt for vår spasertur og gjer til at vi får meir ut av opphaldet vårt i byen.

Etter foredraget spaserer vi ut i byen, og den første delen av turen får vi et glimt inn i kvardagens Venezia der folk lever sine liv. Rita tar oss  ut av turiststrømmen, og undervegs fortel ho  om korleis det er å leve i denne heilt spesielle byen, iblandet litt historie og bakgrunn om spesielle stader.

Langs veien gjere vi som Venetianerne og stopper for eit kjølig glass prosecco og en cicchetto, venetianernes svar på tapas.  (Ikkje inkludert)

Felles middag før opera.

Ein kveld i Operaen!


Vi hopper rett inn bak scena i det venetianske teater, og får
opera på nært hold i eit privat palass. Dette er eit heilt
spesielt arrangement, i eit av byens historiske palass ved
Canal Grande. Opera forestillinga vil bli spilt av
profesjonelle musikere, publikum og musikere sitter om
kvarandre i palassets saler, og ein bytter sal til dei
forskjellige aktene. Nærheten til oppsetninga og følelsen
av å være inne i ein «heim», gjer dette til en unik opplevelse.
Forestillinga varer i 2 timer, og begynner klokken 20.30.
Det er ein halvtimes pause, der det blir servert soft drinks,
vin og prosecco, som ein kan nyte på en av palassets
balkonger med ei fantastisk utsikt over Canal Grande,
byens hovedgate.

Mandag 30. mai:

 Kl. 09.30 – 17.30

Med klassisk trebåt i lagunen – «Vinsmaking på bondegård, Burano og Torcello»


Vi spaserer til kaia fram til våre båtførarar og deira båter. Dei lokale
båtførarane er født og oppvokst i Venezia og kjenner kvar ein tomme av lagunen, og vi tilbringer ein unik dag på deira Bragozzo, tradisjonelle venetianske trebåtar, på oppdagelsesferd i den venetianske lagune.
Vi stoppar undervegs på forskjellige øyer i lagunen, og får ein djupare forståelse for begynnelsen av Venezias sivilisasjon. Lagunen har ein unik flora og fauna, og Bragozzoen gir i seg sjølv ein heilt spesiell opplevelse.
Nærheten til vatnet og naturen rundt er til å ta og føle på, og vi nyter den stillheten og naturen som finns i dette uoppdagede området av Venezia.
Vi stopper for vinsmaking på ein av øyane i lagunen kor dei har en unik vinproduksjon, antikke vinranker er planta i den salte lagune jorda, med eit  heilt særegent resultat. Gårdens eigar og ildsjel viser oss rundt på
vingården.
På Torcello, Venezias vugge, blir vi servert lunsj på ein av øyas beste restauranter før vi besøker dei historiske
severdighetane der. Etterpå går ferden videre til den fargerike fiskar øya Burano, for en spasertur og kanskje litt shopping.
Undervegs skåler vi i prosecco fra Veneto regionen.

(Lunsj ikkje inkludert, 45 Euro per pers, inkludert vin.)

Felles middag

Tirsdag 31.mai:
Vi har dagen foran oss i Venezia «La Serenissima» – ein av verdens vakraste byer. Her er det mykje å velge
mellom både av kultur og shopping, og kanskje også berre rusle litt rundt og nyte atmosfæren.
Vi går til  Markusplassen, slik at vi kan nyte “Europas storstue” med sine
fantastiske severdigheter.

Dagen blir fri til eigen disposisjon, om ein vil shoppe eller besøke nokre av dei mange musea som fins i byen.

Felles avskjedsmiddag om kvelden.

Onsdag 1. juni:

Avreise Hotell kl. 07.00

Taxibåt til flyplass

Avreise Venezia kl. 10.00- Mellomlanding Oslo. Avreise Oslo17.40- Ankomst Bergen 18.35

Ut på tur! Reiselivsmessa på Telenor Arena

Photo by rawpixel.com on Pexels.com

Ein treng ikkje å reise så langt for å få gode opplevingar. Denne helga står Reiselivsmessa i Telenor Arena for tur, og vi gleder oss stort! Vi skal ikkje ha stand, men det blir kjekt og inspirerande å møte både reiseglade og knytte nye kontakter for framtidige turar. Har stor tru på at dette blir årets høgdepunkt på inspirasjonssida.

Planleggingsfasen er kanskje den viktigaste fasen i reisa. Er ikkje grunnarbeidet gjort skikkeleg, er sjansen stor for turen ikkje blir akkurat slik ein hadde tenkt. Samstundes er ein god dose sponanitet kanskje akkurat det som skal til for at reisa blir unik! Og sannsynlegvis gje deg minner du seint vil gløyme.

Eg minnast ein familietur til Egypt for ein del år sidan, vi var heile storfamilien med foreldre, barn og barnebarn på eit flott og luksuriøst kompleks i Sharm el Sheik. Det var verkeleg 1001 natt henta rett ut fra Alladins verden! Etter å ha vore der i ei god veke, kom lysta til å oppleve meir. Eg , bror min og pappsen var klar for ein liten taxitur for å utforske litt meir enn sjølve byen. Korleis vi kom på ideen veit eg ikkje, men vi enda ihvertfall opp i ein liten beduin- leir litt utanfor allfarveg. Vi vart innviterte på te på eit teppe ute på gårdsplassen, mens søppel og skrot låg litt over alt. Dette her synest vi var så koseleg, spesielt og unikt, at vi avtalte med beduinane at vi skulle ta med oss resten av storfamilien på tebesøk og kamelriding dagen etterpå. For dette var verkeleg noko alle burde få oppleve! Vi betalte nokre få myntar for servering og reiste oppglødde tilbake til resten av gjengen. Neste dag drog vi avgarde igjen, 4 drosjer fulle av forventningsfulle turistar. Denne gongen vart opplevelsen heilt ein annan. Kamelane kom, og tok oss med på små turar rundt teppet….., teen vart servert og rundt oss stod det menn som var meir enn klar for å loppe av oss alt vi hadde av pengar. Og loppa vart vi. Stemninga var til å ta å føle på etterkvart som dei begynnte å kreve pengar av oss. Vi nærmast heiv i frå oss alt av kontanter og rømde til drosjene. Fattige, litt småredde og lykkelege for at vi kom oss derifrå med ungane våre i behald. Eit spontant og eit planlagt møte, to forskjellige opplevingar, og eit minne som vi aldri gløymer!

Har du tenkt deg på messa i helga? Kanskje vi sjåast!

Port de Soller , Mallorca!

Er i sluttfasen på planlegginga av treningstur til Mallorca , mars 2019! Vi tar med oss eigen fysioterapeut som er utdanna til å kurse i mange ulike treningsformer. Denne gong med hovedfokus på pilates. Veldig spennande!

 

port-de-soller-1841316__340

Port de Soller er fra tidlegare dager havna til landsbyen Soller som ligg lenger opp i høgda. Mellom desse to stadane går det eit gammalt sjarmerande tog. (Toget går heilt til Palma) Det er flotte turstiar i heile området rundt desse to landsbyane.

mallorca-2911323__340

 

Blir ei veke med trening, vandringsturar, kultur, mat og vin, og ikkje minst påfyll av positiv energi!

Gruppereiser er for meg blitt ein favoritt. Fantastisk å kunne reise saman med andre som ein kanskje ikkje ville blitt kjent med ellers!

Kun små detaljar igjen, før turen blir lagt ut…..

Interessert? Følg oss på facebook, Tora Reiser, så får du med deg programmet når det er publisert!

Port de Soller

Ha ein fin dag der ute!

Vårt første innlegg!

ball shaped blur close up focusMykje spennande på gang hos oss i Tora Reiser, og no har vi laga oss ein blogg. Sidan vi held til midt i nynorsk-land, vil vi so langt det lar seg gjere halde på dialekta vår. På bloggen vil vi å dele reisopplevelsar, turtips, råd og  bilder med dei som vil følge oss. For tida har vi fokus på å få neste års reisemål klare, samtidig som nettsida torareiser.no har fått ein skikkelig makeover! Håper mange vil følge oss på vegen:)