REISEVILKÅR

Reisevilkår – Tora Reiser AS – 2021

Reisevilkåra inngår som ein del av reiseavtalen. Dette er grunnlaget for rettigheitane dine som kunde, og for oss som reisearrangør. Tora Reiser er medlem av Reisegarantifondet, RGF, og har stillt reisegaranti  til fondet. Du kan lese meir om kva Reisegarantifondet er på http://www.rgf.no, eller kontakte dei på telefon 51844227.

Bestilling og betaling
For bestilling av reise, kontakt oss via epost eller telefon. Avtalen mellom partane gjeld frå då kunden har bekrefta bestillinga av reisa. Faktura/reiseavtala blir sendt til den reisande med 2 innbetalingar. Eit depositum med forfall i løpe av 10 dagar, og eit sluttbeløp som betalast seinast 35 dager før avreise. Sjå forfallsdato på faktura. Dette gjeld for reiser med påmelding og individuelle reiser. Andre reglar gjeld for bedriftsreiser og private gruppereiser, som blir bekrefta saman med pristilbod.
Vi vil sende ut navneliste, telefonnummer til alle deltagare på kvar reise.

Avbestilling

Dersom reisa må avbestillast, må den reisande gje beskjed så snart ein veit at reisa ikkje kan gjennomførast. Avbestilling vil medføre eit gebyr, avhengig av avbestillingstidspunktet, som regnast frå den dato (man-fre) arrangøren mottar beskjeden.
Mail som blir sendt lørdag/søndag reknast med dato til nærmaste påfølgande mandag.

Reglar for reiser innan Europa:
*Reisa kan fritt avbestillast inntil 10 dagar etter bestilling, dersom det er meir enn 2 månader til avreisedato.
*Ved avbestilling etter 10 dagar etter bestilling, betaler kunden kun eit gebyr på kr 500,- pr. person
*Ved avbestilling f.o.m 90 til 61 dager før avreise, beheld Tora Reiser det innbetalte depositumet.
*Ved avbestilling 60 til 30 dager før avreise, blir kunden belasta for  50% av reisa sin kostnad.
*Ved avbestilling fra 29 dager og fram til avreise-tidspunktet, er det ingen refusjon. Dette gjeld og om den reisande manglar nødvendige papir/dokumentasjon som pass, visum, vaksiner e.l for å kunne delta på reisa. 

Avbestilling med avbestillingsforsikring
Andre reglar gjeld dersom du har avbestillingsforsikring. Kontakt då forsikringsselskapet ditt eller kredittkortselskap for detaljar.

Overdragelse av reise
Dersom  kunden vert forhindra i å reise, har ein rett til å overdra reisa til ein annan som oppfyller dei nødvendige betingelsar for å delta på reisa. Men kun dersom arrangøren er underretta i god tid før reisa skal ta til. Overdrager og overtager hefter solidarisk for betaling og ekstra kostnader som måtte tilkomme.

Forbehold om endringar
Tora Reiser tek forbehald om uforutsette prisendringar vedrørande transportomkosningar, endringar i offentlige skattar, avgifter eller gebyr i lufthamn eller valutakurser som er anvendt i prisberegninga.


Det blir og tatt forbehold om endringar i programmet som skyldast forsenkingar, værforhold, sjukdom eller andre uforutsette hendingar på reisa. Det kan og komme små endringar i henhold til det planlagde programmet. Dersom reiseleiar/instruktør vert sjuk, blir den erstatta av ein med like gode ferdigheiter, og reisa kan ikkje avbestillast pga. endring av reiseleiar.

Avlysing av reisa
Arrangør kan avlyse reisa dersom antallet påmeldte er mindre enn det angitte minimumsantallet for reisa. Informasjon om avlyst reise, gis av arrangør seinast 4 veker før avreise. Den reisande vil då få moglegheit til å melde seg på ein annan tur, eller få innbetalt beløp refundert i sin heilheit.


Reisa kan også bli avlyst dersom reisemålet, eller området i nærheten av dette blir utsatt for naturkatatrofer, farlege smittsame sjukdommar, blir varsla som krigsområde, eller lignande tilstander som kan likestillast med det som er  nevnt ovanfor. Dette gjeld også dersom desse tilstander inntreff på reiseruta.


Europeisk helsekort
For reise i Europa er det nødvendig å ha med gyldig Europeisk helsetrygdkort, dersom reiseforsikring ikkje er tegna.
Kortet kan bestillast på www.nav.no


Tilslutningsbillettar:
Vi anbefaler at tilslutningsbillettar tidlegast blir bestillt 6 veker før avreise. På dette tidspunket kan reisa garanterast av arrangør.
Vennligst ta kontakt og få reisa di bekrefta før du bestiller tilslutningsbillettar.

Tora Reiser sine plikter
Tora Reiser AS forpliktar seg til å følge lov om pakkereiser (Pakkereiseloven) og dens intensjonar, herunder annonsering, markedsføring, avtaleinngåelse, gjennomføring, avbestillingsreglar, overdragelse, reklamasjonsrett og erstatning.

Den reisande plikter
Det er den reisande sitt ansvar å sjekke at mottatte reisedokument stemmer overeins med navn og bestilling. Den reisande må og overholde betalingsfristar, og ved avreise ha nødvendige viktige reisedokument, visum, vaksiner, pass og reiseforsikringar.
Alle som reiser ved Tora Reiser plikter å rette seg etter reglar som er gitt av offentlige myndigheiter og våre representanter må ikkje opptre til sjenanse for andre. Ved utilbørlig oppføsel, kan den reisande bli avvist fra reisa, og må sjølv betale kostnaden ved heimreise.

Mangler/Reklamasjoner
Dersom den reisande meiner at det manglar noko ved reisa, skal den reisande straks gje tilbakemelding til reiseleder. Klager etter heimreise, betyr at den reisande mister sine rettigheter.


Klagefrist er satt til 4 veker etter reisens avslutning, og skal være skriftlig til dagleg leiar.

Flytransport
Ved reiser som går med flytransport, flyr den reisande i henhold til betingelsane i flyselskapet sitt befordringsansvar. Dette gjeld også ved problem som t.d  forsinkelsar og ulemper som kan oppstå ved ankomst til reisa sitt startpunkt eller ved heimreise og transport av bagasje.
Tora Reiser er kun formidlar og utan ansvar for kontraktsmessig leveranse fra flyselskapet eller andre transportleverandørar til oss. Ved mista bagasje er dette ein privatsak mellom kunden og flyselskapet. 

Bilder
Tora Reiser kjem til å ta mange bilder på reisene våre. Ein del av desse vil også bli brukt på våre nettsider, og andre kommunikasjons kanaler. Dei som ikkje vil ha publisert bilder dei kan være delaktige i, må gje tilbakemelding om dette før reisa starter.

Kunderegister
Vi ønsker å sende ut nyhetsmail og evt reisekatalog til alle som er registrert i vårt kunderegister. Dersom du ikkje ønsker å motta det, må du gje oss beskjed om avregistrering. 


Vi vil sende ut navneliste, telefonnummer til alle deltagare på kvar reise.


Generell informasjon

Reiseprogrammet vårt blir satt saman mange månader før avreise, og det kan derfor komme små justeringar i henhold til reisa/aktivitetane. Dersom det blir endringar, vil dette bli sendt ut saman med billettane. Dersom den reisande har bestilt del i dobbeltrom, men ikkje Tora Reiser klarer å finne reisepartner, må vedkommande være beredt på å betale eit enkeltromtillegg.
Tora Reiser AS, ved Ranja og Tove, gleder seg som ny Reisearrangør til å møte nettopp DEG på våre turar!