Vandringstur til Dolomittane: 25. August – 1. September

Pris per person i delt dobbeltrom kr 19990,- (Enkeltromstillegg kr 3500,-)

Inkludert i turen:

  • Flyreise tur-retur Bergen-Milano
  • Transport tur/retur Milano-Cavalese
  • 7 netter på 4-stjerners La Roccia Welness Hotell
  • 7 frukostar
  • 7 middagar
  • 5 vandringsturar inkludert transport, taubaner og guide
  • 2 lunsjpakker
  • 1 Lunsj på hotellet si fjellhytte (inkludert el- sykkel som transportmiddel)
  • Inngang til spa anlegg under heile opphaldet

Ikkje inkludert:

• Reise og avbestillingsforsikring

• Drikke til middag

• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet

Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent  for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot  toppane.

Basen vår blir i Cavalese, ein by med i ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh.

Turane vil ha middels vanskelegsgrad. Tempoet blir moderat.

Våre vandringsmål:

• Torre di Pisa

• Cristo Pensante til Cima Castellazzo

• Moregna, 3 innsjøer til Predazzo

• Soloppgang på Det kvite Horn og opplev Dolomittane fra innsida i Bletterbach canyon

• Alpe Cermis til  Bombasel Lake

Azorene – 3. – 9. Juni 2023

«Etter at vi forlet synet av fastland, set flyet kursen utover Atlanterhavet. Etter drøye to timer med kun hav under oss, kjem eit magisk grønt og frodig rike til syne blandt alt det blå. Eit eventyrland! Frodige krater, med innsjøar i mange fargeskalaer viser seg fram og gjere oss ekstra spente. Gjestfrie mennesker tek i mot oss, som med stoltheit gleder seg til å vise fram øyriket som ligg så langt unna resten av verden. Sjølvhjulpne på alle måtar. Så mykje historie, kultur, natur og ein fantastisk flora vi har i vente….»

Pris per person i delt dobbeltrom kr 18990,- (Enkeltromstillegg + kr 3000,-)

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Oslo- Ponta Delgada

• 6 netter på  4-stjerners Sao Miguel Park Hotel

• Transport tur/retur flyplass i Ponta Delgada til hotell

• 6 frukoster

• 6 middager, der ein er på Bacalao med Fado underhaldning.

• 1 lunsj

• 2 lunsjbokser

• 2 timers byvandring med guide

• 2 vandreturar med transport og guide

• 2 dagsutflukter til blant anna varme kilder, botanisk hage, teplantasje, utsalg av lokale drikker og fleire utsiktspunkt.

Ikkje inkludert:

• Reisa fra heimen til Oslo og retur, Evt. overnatting

• Drikke

• Tips

Utfluktene våre:

• Vandringstur med guide til Sete Cidades. 12 kilometer. Cumeira Grande, inkludert utsiktspunktet Canario.  Vanskelegsgrad: Lett. Vi utforskar vestsida av Sao Miguel. Sete Cidades innsjøen er ein av dei mest kjende og legendariske innsjøane på øya. Gjennom den 12 kilometer lange turen vil ein ha moglegheit til å lære om faunaen, floraen, historia, og dei vulkanske formasjonane om øya. Og sjølvsagt høyre den legendariske kjærlighets historia bak   innsjøen. Etter vandreturen vil vi køyre langs sørkysten og stopper i Ferraria, eit forfriskande  sjøbad, der sjøvatnet er oppvarma fra innsida av eit vulkankrater. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Det blir servert eit enkelt måltid på turen. 

• Biltur til Furnas.  På denne turen vil vi kunne føle og oppleve opprinnelsen av vulkanen i Furnas, ein magisk stad. Vi startar med ei spektakulær utsikt over Furnas-krateret der vi for ei oversikt over innsjøen og landsbyen Furnas. Vi fortset deretter med bil ned til innsjøen der vi tek ein roleg spasertur til Caldeiras da Lagoa das Furnas (Furnas lake Calderas). Dette er staden der restaurantane i byen  koker den kjende «cozidos das Furnas» ein nydeleg matrett som er laga av varme frå jorda! Vi fortsetter deretter turen til byen Furnas med varme kilder  som  inneheld vatn med ulike smakar.  Vi blir servert Cozido-måltidet på ein lokal restaurant. Etter lunsj besøker vi Terra Nostra botaniske hage som som er kjend for si store samling med planter som har opprinnelse frå Azorene, og ellers planter fra heile verden som likar seg i dette klimaet. Der kan ein også  bade i eit jern-rikhaldig varmt svømmebasseng som har ein temperatur på 35-40 grader. Ein herleg opplevelse! Men pass på å ha hodet over vatnet og gjerne mørke badekle, då vatnet kan misfarge både hår, kle og skjegg😊 På vegen tilbake stoppar vi ved Europas einaste te-plantasje og utsiktspunktet Sta Iria på nord kysten av øya.

Anbefalt å ha med seg: gode sko, badekle, handkle og drikke. 

• Vandringstur med guide til Faial da Terra til Salto do Prego. 11 kilometer Vanskelegsgrad: Medium. Faial da Terra er ein liten landsby i Provoacao,  som ligg sør -aust på øya. Turen vår startar på ein sti som leder oss til Sanguinho- ein landsby som har vore forlatt sidan begynnelsen av 70- talet. .Resten av turen går på stiar i skogen med mange små opp og nedstigningar i tett og nydeleg vegetasjon. Dette er verkelege ein tur der du kan lukte alt det grønne omkring deg! Når ein når fram til Salto do Prego`s fossefall, har ein mogelegheit til å ta eit bad. På vegen tilbake følger vi ein sti, men med samme type vegetasjon. Når turen er ferdig har vi tid til ein matbit, eller så kan ein mingle med lokalbefolkninga. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Lunsjpakke er inkludert i denne turen. 

• 2 timer  byvandring med guide

• Biltur til Lagoa do Fogo. På denne turen vil vi køyre opp på toppen av Fogo fjellet det du vil ha ei spektakulær utsikt over Fogo innsjøen, vulkan krateret, og over øya og sjøen. Denne innsjøen er heilt blå, og er ein av dei flottaste innsjøane på øya. Etterpå vil vi bli køyrt til Caldeira Velha der ein kan få bade og slappe av i termisk basseng som er omkransa av storslagen fauna og flora. Deilig varmt vatn frå jordas indre!

Vi stopper med ein butikk, der dei sel lokale drikkevarer, før vi avslutter turen ved eit stopp på den flotte stranda Sta Barbara.      

Anbefalt å ha med seg: badekle og handduk, ei lita niste og drikke.

Våre turar passar like godt for dei som reiser aleine, som dei som reiser i par eller grupper. Vi vel å ta med oss små grupper, slik at ein har mogeleheit til å bli godt kjende med kvarandre.

Vi vil gjere alt for at du skal få ein flott tur saman med oss!

Vil du være med? Send en mail til tove@tovetorareiser.no

Førjulstur til Bremen 1. – 5. Desember

Pris per person i delt dobbeltrom kr 11990,- (Enkeltromstillegg kr 1600,-)

Årets førjulstur går til  Bremen. Julemarkedet i Bremen er omtalt som eit av Tyskland sitt eldste og finaste julemarked. Marknadsplassen som blir fylt opp med over 170 dekorerte salgsboder og romantiske julelys, er omringa av bygningar fra middelalderen, og byr på julestemning utanom det vanlege. I salgsbodene kan ei kjøpe juleartiklar, souvenirer, gaver, og gastronomiske smaksopplevelsar som til dømes gluhwein, kringler, brente mandlar og karameliserte epler.

Også ved elvepromenade Schlachte er det klargjort for julestemning, men her er det servering som gjeld. Her lukter det av nybakt brød, røkt fisk og det fins også utallige variasjoner av fingermat.

Julemarkedet i Bremen gir ein følelse av å gå tilbake i tid til Middelalderen og Hansatida, og til då skipa kom heim fra fjerne land med velsmakande førjulslast.

Bydelen Schnoor har Bremens eldste bebyggelse, som tek oss tilbake til 1400-1500 talet, og kan friste med med flotte hus i bindingsverk, som ligg tett i tett i snirklete gater. Her kan ein finne mange skatter i form av handverk, smykker og tradisjonell tysk mat. For dei som er glad i å fotografere, er nok dette området eit absolutt høgdepunkt i byen. Ein må heller ikkje gløyme  at Bremen også er kjent for eventyret «Bymusikantane», fra eventyret til Brødrene Grimm, ei verdenskjent og kjær historie!

Vi lover vi deg julestemning, god mat og drikke, eigentid, samtidig som ein får tid til å senke skuldrane i hotellet si spa avdeling.

Vil du bli med oss på tur? 😊

Inkludert:

• Fly tur-retur Bergen- Hamburg, avreise Flesland kl. 09.20

• Transport  fra Hamburg til hotell i Bremen

• 4 netter på 4 stjerners spahotell, Best Western Hotel zur Post

• 4 frukoster og fri inngang til spa området.

• 4 middager, inkludert drikke

• Omvisning på Becks bryggeri, inkludert ølsmaking

• Guida tur

Ikkje inkludert:

• Lunsj

Påmelding innan 30. Oktober, begrensa antall plasser!

Detaljert dagsprogram vil bli sendt ut seinare til dei påmeldte.

Vandringstur til Cinque Terre • 30. September – 5. Oktober

Pris per person i dobbeltrom kr 13990,-

Enkeltromstillegg + kr 700

Vi set nok ein gong kursen mot til den vakre og spektakulære Liguria kysten i Italia, der vi skal vandre mellom dei 5 små byane i Cinque Terre, som også ligg på UNESCO siverdsarvliste. Vi går gjennom olivenlundar og vinrankar med ei fantastisk utsikt over middelhavet.

Vår base blir i byen Monterosso al Mare, som er den største av  dei fem Cinque Terre byane. Hotellet vi bur på, Villa Adriana har ein nydeleg hotellhage, og eit lite utandørs basseng. Stranda ligg 150 meter fra hotellet, så ein kan nyte middelhavet både fra land eller i vatn. Byen har små trange gater med ei rekke  restaurantar og  små butikkar. Det blir også god tid til eigentid med sol og bad for dei som ønsker det.

Viktig med gode tursko/fjellsko med god støtte for anklane. Dagsetappane kan varier fra 2- 5 timar, og det er gode tog og båtforbindelsar mellom byane så det er ikkje noko problem dersom ein ønsker å korte ned etappane. Stiane er godt merka. Det er  middels vanskelegsgrad på etappane.

Detaljert dagsprogram over vandringsetappane vil bli sendt ut seinare til dei som er påmeldt.

Reiserute:

Avreise Bergen  Fredag 30.09 kl 06.00, mellomlanding i København, ankomst Milano 10.30, før vi reiser vidare med eigen buss til Liguriakysten..

Ankomst hotell ca. kl 15.00

Retur Onsdag 05.10. Avreise  hotell ca. kl 05.30. Tog til Levanto, der eigen buss venter på oss og tar oss til Milano. Flygår fra Milano 11.20, med mellomlanding i København. Ankomst Bergen kl. 18.20

Inkludert:

• Fly fra Bergen til Milano- og retur. (SAS)

• Transport fra Milano til Monterosso al Mare- og retur.

• 5 netter på Hotell Villa Adriana inkludert frukost

• 5 middager på hotellet.

• Vandringspass til nasjonalparken.

• Transport mellom byane på vandringsetappane, med tog eller båt

• Vinsmaking

Ikkje inkludert:

• Lunsj

• Drikke

Høyres dette spennande ut? 

Vi vil gjere vårt beste for å gje deg ein tur med aktivitet og gode opplevingar!

Ønsker du meir informasjon, ta kontakt med Tove: Telefon90803545 eller mail tove@torareiser.no

Venezia: 28. Mai – 1. Juni

Pris per person i delt dobbeltrom kr 13990,-

(Enkeltromstillegg  4000,-)

Opplev Venetianernes Venezia!

Inkludert:

• Fly tur /retur Bergen -Venezia

• 4 netter på 4- stjerners Hotel Santa Marina

• Båttaxi tur/retur Flyplass og Hotell

• 4 middager

• Byvandring og kåseri med norsk guide – «Utanfor turiststrømmen»

• Ein kveld i operaen

• Dagsutflukt med klassisk trebåt- «Vinsmaking på bondegård, Burano og Torcello»

Ikkje inkludert:

• Lunsj

• Drikke til maten

Program

Lørdag 28. Mai:

Avreise  Bergen  kl. 07.30- 08.25, mellomlanding Oslo. Avreise Oslo 10.40- Ankomst Venezia kl.13.20          

Vi tar taxibåt fra flyplass og krysser lagunaen. Allerede no får vi ein smakebit av ein by som er heilt utanom det vanlege, før vi kjem til Hotell Santa Marina

Velkomstmiddag

Søndag 29. Mai:

Venetianerenes Venezia 09.30-13.00.

Byvandring utenfor turiststrømmen og kåseri om Venezia ved  norske Rita Erster

Byvandring utenfor turiststrømmen og Kåseri om Venezia ved Rita Erster. 35-40 minutt

Vi får ei innføring om Venezia og byens spennande historie og utvikling.

Rita presenterer Venezias lange historie fra grunnleggelsen opp til i dag. Korleis byen vart til og korleis den er bygd opp. Kven var Venetianerene og kven er dei i dag? Vi kjem under huda på på denne unike byen og får ein djupare forståelse både av fortid og notid.

Dette blir eit godt utgangspunkt for vår spasertur og gjer til at vi får meir ut av opphaldet vårt i byen.

Etter foredraget spaserer vi ut i byen, og den første delen av turen får vi et glimt inn i kvardagens Venezia der folk lever sine liv. Rita tar oss  ut av turiststrømmen, og undervegs fortel ho  om korleis det er å leve i denne heilt spesielle byen, iblandet litt historie og bakgrunn om spesielle stader.

Langs veien gjere vi som Venetianerne og stopper for eit kjølig glass prosecco og en cicchetto, venetianernes svar på tapas.  (Ikkje inkludert)

Felles middag før opera.

Ein kveld i Operaen!


Vi hopper rett inn bak scena i det venetianske teater, og får
opera på nært hold i eit privat palass. Dette er eit heilt
spesielt arrangement, i eit av byens historiske palass ved
Canal Grande. Opera forestillinga vil bli spilt av
profesjonelle musikere, publikum og musikere sitter om
kvarandre i palassets saler, og ein bytter sal til dei
forskjellige aktene. Nærheten til oppsetninga og følelsen
av å være inne i ein «heim», gjer dette til en unik opplevelse.
Forestillinga varer i 2 timer, og begynner klokken 20.30.
Det er ein halvtimes pause, der det blir servert soft drinks,
vin og prosecco, som ein kan nyte på en av palassets
balkonger med ei fantastisk utsikt over Canal Grande,
byens hovedgate.

Mandag 30. mai:

 Kl. 09.30 – 17.30

Med klassisk trebåt i lagunen – «Vinsmaking på bondegård, Burano og Torcello»


Vi spaserer til kaia fram til våre båtførarar og deira båter. Dei lokale
båtførarane er født og oppvokst i Venezia og kjenner kvar ein tomme av lagunen, og vi tilbringer ein unik dag på deira Bragozzo, tradisjonelle venetianske trebåtar, på oppdagelsesferd i den venetianske lagune.
Vi stoppar undervegs på forskjellige øyer i lagunen, og får ein djupare forståelse for begynnelsen av Venezias sivilisasjon. Lagunen har ein unik flora og fauna, og Bragozzoen gir i seg sjølv ein heilt spesiell opplevelse.
Nærheten til vatnet og naturen rundt er til å ta og føle på, og vi nyter den stillheten og naturen som finns i dette uoppdagede området av Venezia.
Vi stopper for vinsmaking på ein av øyane i lagunen kor dei har en unik vinproduksjon, antikke vinranker er planta i den salte lagune jorda, med eit  heilt særegent resultat. Gårdens eigar og ildsjel viser oss rundt på
vingården.
På Torcello, Venezias vugge, blir vi servert lunsj på ein av øyas beste restauranter før vi besøker dei historiske
severdighetane der. Etterpå går ferden videre til den fargerike fiskar øya Burano, for en spasertur og kanskje litt shopping.
Undervegs skåler vi i prosecco fra Veneto regionen.

(Lunsj ikkje inkludert, 45 Euro per pers, inkludert vin.)

Felles middag

Tirsdag 31.mai:
Vi har dagen foran oss i Venezia «La Serenissima» – ein av verdens vakraste byer. Her er det mykje å velge
mellom både av kultur og shopping, og kanskje også berre rusle litt rundt og nyte atmosfæren.
Vi går til  Markusplassen, slik at vi kan nyte “Europas storstue” med sine
fantastiske severdigheter.

Dagen blir fri til eigen disposisjon, om ein vil shoppe eller besøke nokre av dei mange musea som fins i byen.

Felles avskjedsmiddag om kvelden.

Onsdag 1. juni:

Avreise Hotell kl. 07.00

Taxibåt til flyplass

Avreise Venezia kl. 10.00- Mellomlanding Oslo. Avreise Oslo17.40- Ankomst Bergen 18.35

Ut på tur! Reiselivsmessa på Telenor Arena

Photo by rawpixel.com on Pexels.com

Ein treng ikkje å reise så langt for å få gode opplevingar. Denne helga står Reiselivsmessa i Telenor Arena for tur, og vi gleder oss stort! Vi skal ikkje ha stand, men det blir kjekt og inspirerande å møte både reiseglade og knytte nye kontakter for framtidige turar. Har stor tru på at dette blir årets høgdepunkt på inspirasjonssida.

Planleggingsfasen er kanskje den viktigaste fasen i reisa. Er ikkje grunnarbeidet gjort skikkeleg, er sjansen stor for turen ikkje blir akkurat slik ein hadde tenkt. Samstundes er ein god dose sponanitet kanskje akkurat det som skal til for at reisa blir unik! Og sannsynlegvis gje deg minner du seint vil gløyme.

Eg minnast ein familietur til Egypt for ein del år sidan, vi var heile storfamilien med foreldre, barn og barnebarn på eit flott og luksuriøst kompleks i Sharm el Sheik. Det var verkeleg 1001 natt henta rett ut fra Alladins verden! Etter å ha vore der i ei god veke, kom lysta til å oppleve meir. Eg , bror min og pappsen var klar for ein liten taxitur for å utforske litt meir enn sjølve byen. Korleis vi kom på ideen veit eg ikkje, men vi enda ihvertfall opp i ein liten beduin- leir litt utanfor allfarveg. Vi vart innviterte på te på eit teppe ute på gårdsplassen, mens søppel og skrot låg litt over alt. Dette her synest vi var så koseleg, spesielt og unikt, at vi avtalte med beduinane at vi skulle ta med oss resten av storfamilien på tebesøk og kamelriding dagen etterpå. For dette var verkeleg noko alle burde få oppleve! Vi betalte nokre få myntar for servering og reiste oppglødde tilbake til resten av gjengen. Neste dag drog vi avgarde igjen, 4 drosjer fulle av forventningsfulle turistar. Denne gongen vart opplevelsen heilt ein annan. Kamelane kom, og tok oss med på små turar rundt teppet….., teen vart servert og rundt oss stod det menn som var meir enn klar for å loppe av oss alt vi hadde av pengar. Og loppa vart vi. Stemninga var til å ta å føle på etterkvart som dei begynnte å kreve pengar av oss. Vi nærmast heiv i frå oss alt av kontanter og rømde til drosjene. Fattige, litt småredde og lykkelege for at vi kom oss derifrå med ungane våre i behald. Eit spontant og eit planlagt møte, to forskjellige opplevingar, og eit minne som vi aldri gløymer!

Har du tenkt deg på messa i helga? Kanskje vi sjåast!

Port de Soller , Mallorca!

Er i sluttfasen på planlegginga av treningstur til Mallorca , mars 2019! Vi tar med oss eigen fysioterapeut som er utdanna til å kurse i mange ulike treningsformer. Denne gong med hovedfokus på pilates. Veldig spennande!

 

port-de-soller-1841316__340

Port de Soller er fra tidlegare dager havna til landsbyen Soller som ligg lenger opp i høgda. Mellom desse to stadane går det eit gammalt sjarmerande tog. (Toget går heilt til Palma) Det er flotte turstiar i heile området rundt desse to landsbyane.

mallorca-2911323__340

 

Blir ei veke med trening, vandringsturar, kultur, mat og vin, og ikkje minst påfyll av positiv energi!

Gruppereiser er for meg blitt ein favoritt. Fantastisk å kunne reise saman med andre som ein kanskje ikkje ville blitt kjent med ellers!

Kun små detaljar igjen, før turen blir lagt ut…..

Interessert? Følg oss på facebook, Tora Reiser, så får du med deg programmet når det er publisert!

Port de Soller

Ha ein fin dag der ute!

Vårt første innlegg!

ball shaped blur close up focusMykje spennande på gang hos oss i Tora Reiser, og no har vi laga oss ein blogg. Sidan vi held til midt i nynorsk-land, vil vi so langt det lar seg gjere halde på dialekta vår. På bloggen vil vi å dele reisopplevelsar, turtips, råd og  bilder med dei som vil følge oss. For tida har vi fokus på å få neste års reisemål klare, samtidig som nettsida torareiser.no har fått ein skikkelig makeover! Håper mange vil følge oss på vegen:)