
Pris per person i dobbeltrom kr 13990,-
Enkeltromstillegg + kr 700
Vi set nok ein gong kursen mot til den vakre og spektakulære Liguria kysten i Italia, der vi skal vandre mellom dei 5 små byane i Cinque Terre, som også ligg på UNESCO siverdsarvliste. Vi går gjennom olivenlundar og vinrankar med ei fantastisk utsikt over middelhavet.
Vår base blir i byen Monterosso al Mare, som er den største av dei fem Cinque Terre byane. Hotellet vi bur på, Villa Adriana har ein nydeleg hotellhage, og eit lite utandørs basseng. Stranda ligg 150 meter fra hotellet, så ein kan nyte middelhavet både fra land eller i vatn. Byen har små trange gater med ei rekke restaurantar og små butikkar. Det blir også god tid til eigentid med sol og bad for dei som ønsker det.
Viktig med gode tursko/fjellsko med god støtte for anklane. Dagsetappane kan varier fra 2- 5 timar, og det er gode tog og båtforbindelsar mellom byane så det er ikkje noko problem dersom ein ønsker å korte ned etappane. Stiane er godt merka. Det er middels vanskelegsgrad på etappane.
Detaljert dagsprogram over vandringsetappane vil bli sendt ut seinare til dei som er påmeldt.



Reiserute:
Avreise Bergen Fredag 30.09 kl 06.00, mellomlanding i København, ankomst Milano 10.30, før vi reiser vidare med eigen buss til Liguriakysten..
Ankomst hotell ca. kl 15.00
Retur Onsdag 05.10. Avreise hotell ca. kl 05.30. Tog til Levanto, der eigen buss venter på oss og tar oss til Milano. Flygår fra Milano 11.20, med mellomlanding i København. Ankomst Bergen kl. 18.20
Inkludert:
• Fly fra Bergen til Milano- og retur. (SAS)
• Transport fra Milano til Monterosso al Mare- og retur.
• 5 netter på Hotell Villa Adriana inkludert frukost
• 5 middager på hotellet.
• Vandringspass til nasjonalparken.
• Transport mellom byane på vandringsetappane, med tog eller båt
• Vinsmaking
Ikkje inkludert:
• Lunsj
• Drikke
Høyres dette spennande ut?
Vi vil gjere vårt beste for å gje deg ein tur med aktivitet og gode opplevingar!
Ønsker du meir informasjon, ta kontakt med Tove: Telefon90803545 eller mail tove@torareiser.no