På to hjul i Toscana: 6.-12- Mai

Kven har vel ikkje sett bilder av det eventyrlege og vakre landskapet i Toscana? Dei rullande åsane med druerankar så langt auga kan sjå. Vi har valgt oss ein base for vår sykkeltur nettopp i dette bildet! Vi bur godt på Castellare Di Tonda Tuscany Country resort og spa. Eit roleg område der ein får nyte stillheten på landsbygda, samtidig som ein kan beskue dei vakre omgjevnadane. Her er det mogeleg til restitusjon mellom dagane på sykkelsetet, enten ved bassengkanten eller på resorten sin eigen spa. Med andre ord, eit godt utgangspunkt for flotte sykkelturar i passeleg tempo!

Pris per person 25900,- i delte  rom/leiligheter (Enkeltromstillegg + kr 2000,-)

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Bergen- Firenze (avreise Bergen 06:30)

• Transport tur/retur flyplass Firenze og overnattingsstad.

• 6 netter innlosjert i leiligheter på Castellare Di Tonda Tuscany Country Resort og Spa

• 6 Middager

• 6 Frukoster

• 2  Lunsjar

• 1 vinsmaking

• Inngangsbillett til termisk bad

• 4 dagers leige av el-syklar, inkludert guide, følgebil, forsikring for sykling

• 4 dagsturer på sykkelsetet fra Castellare Di Tonda til San Giamignano, Volterra, Siena og Casciana Terme. 

Ikkje inkludert:

• Drikke

• Reiseforsikring

• Tips

San Giamignano blir ofte kalla middelalderens Manhatten, noko ein vil forstå når ein nærmer seg landsbyen. Den lille byen står på ei lita høgde 330 meter over havet, og står også på UNESCO si verdsarvliste. Når ein vandrer runst i byen, får ein følelsen av åbefinne seg på 1400- talet.

Byen  er kjent for sine mange tårn. Opprinneleg hadde den 72 tårn, men berre 14 av dei står fortsatt på sin opprinnelege plass. Det høgste tårnet er Torre Grossa med sine 54 meter. Tårna var eit symbol på rikdom, og rivaliserande rike familiar kjempa om å bygge deg høgste tårnet. 

Visste du at i denne byen kan ein kjøpe verdas beste is?  Sergia Dondoli driv isbaren Gelateria di Piazza, og han vinn stadig prisar for sin fantastiske iskrem.

Volterra er kanskje ein av dei vakraste byane i Toscana. Byen er omringa av sju kilometer med middelaldrige og etruskiske bymurar.  Byesn hjerte er Piazza dei Priori, plassen framfor rådhuset Palazzo dei Priori. Sentrum består av smale svingete gater som slynger seg forbi gamle kirker, palasser, restauranter og verkstader. Byen er kompakt, og passer perfekt for eit dagsbesøk.

Siena er ein by i provinsen Siena i regionen Toscana. Det historiske senteret  i byen er ein del av verdarvlista til UNSECO. Byen er også kjend for Palio di Siena, eit årleg hesteløp med lange tradisjoner, som forgår på sentrumsplassen Piazza del Campo. Den er forma som ei vifte, og er svakt skrånande.  Mursteinane i fiskebeinsmønster er fra slutten av 1200- talet! 

Siena er i likheit med Roma bygd på sju høgder, noko ein vil legge merke til når ein vandrer i mange av dei bratte smuga fra middelalderen. Dersom ein ønsker seg utsikt, kan ein gå dei 505 trappetrinna opp til tårnet Torre del Mangia. Herfrå får ein ei flott utsikt over byen og området rundt, som kan ta pusten av dei fleste!

Casciana Terme er ein liten landsby som er kjend for sine varme kjelder. Den er omkransa av grønne og  slakke bakker, og bebygd av gamle små  og solrike hus. Vatnet har ein temperatur på 35,7 grader, og er rikhaldig av bikarbonat, sulfater og kalsium.  Dette vatnet er kjend for sine terapautiske egenskaper. Vi skal sjølvsagt besøke Casciana Thermal bad og spa! Her får ein god tid til å «heale» kroppen etter sykkeletappen😊

Med El-syklar blir syklinga ein leik, og kvar enkelt kan bruke den tyngda ein sjølv vil. Vi kjem til å ha med oss to instruktørar, ein som sykler i front, og ein bak. Samt ledebil på to av turane. Dermed blir etappane tilpassa kvar enkelt, og alle får sykle i sitt eige tempo.

Vandringstur til Dolomittane

Det blir to turar til Dolomittene i 2024. Innholdet i turane vil være identisk:

28. August – 4. September *fullbooka, stengd for påmelding*

11. September – 18. September

Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent  for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot  toppane.

Basen vår blir i Cavalese, ein by med i ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh.

Turane vil ha middels vanskelegsgrad. Tempoet blir moderat.

Pris per person i delt dobbeltrom kr 21990,- (Enkeltromstillegg kr 3500,-)

Inkludert i turen:

  • Flyreise tur-retur Bergen- Bergamo
  • Transport tur/retur Bergamo-Cavalese
  • Transport til og fra vandrestartpunkt i henhold til program.
  • 7 netter på 4-stjerners La Roccia Wellness Hotell 
  • 7 frukostar
  • 7 middagar
  • 4 vandringsturar inkludert transport, taubaner og guide
  • Vandring til Torre di Pisa, overnatting der med soloppgang og solnedgang. (Middag og frukost der) Overnatting i sovesalar. 
  • 1 Lunsj på hotellet si fjellhytte (inkludert el- sykkel som transportmiddel)
  • 1 Lunsj etter vandring på Det kvite horn
  • Inngang til hotellet sitt flotte spa anlegg under heile opphaldet

Ikkje inkludert:

• Reise og avbestillingsforsikring

• Drikke til middag og ellers.

• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet

Våre utflukter.

• Torre di Pisa- overnatting i fjellhytte

• Cristo Pensante til Cima Castellazzo

• Alpe Cermis til  Bombasel Lake

• Det kvite horn. 

• Sykkeltur på el-sykler til hotellet si fjellhytte. Hotellsjefen inviterer på lunsj😊

På vandring i Cinque Terre: 25. September – 2. Oktober

*Fullbooka, stengd for påmelding*

Du har sikkert høyrt om dei fem små, fargerike byane på Liguria kysten, som er eit ynda reisemål for solhungrige og glade vandrarar frå heile verda! I ei veke skal vi gå mellom alle byane, gjennom olivenlunder, vingårder, nyte utsikta, og selvfølgelig beskue alle byane fra sjøsida! Vi gleder oss til å ta deg med til eit av våre favorittreisemål!

Pris per person i delt dobbeltrom kr 21990,- (Enkeltromstillegg + kr 2100,-)

Begrensa antal plasser.

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Bergen- Bergamo

• Busstransport tur/retur  Bergamo- Sestri Levante

• Tog tur/retur Setri Levante- Monterosso al Mare

• 7 netter på Hotell Villa Adriana inkludert frukost

• 7 middagar

• Vandrepass

• Transport i henhold til program mellom byane

• Lunsj og vinsmaking på vingården Buranco i Monterosso

• Omvisning og vinsmaking på vingården Cantina Cappelini

Ikkje inkludert:

• Lunsjar som ikkje er nevnt i program

• Drikke som ikkje er nevnt i program

• Tips

• Reiseforsikring

PROGRAM

Dag 1:

Avreise Bergen kl 10:25

Vi lander i Milano, og har eigen buss som tek oss til Sestri Levante. Derfra tek vi tog til Monterosso al Mare, som blir basen  vår under heile opphaldet.

Her bur vi på Hotell Villa Adriana, omgitt av ein frodig hage og basseng som innbyr til avslapping etter vandreetappane. Det er også berre 3 minutter fra stranda.

Det vil bli frukost, og felles middag på hotellet kvar kveld.

Monterosso al Mare.

Byen er ein av dei 5 byane som blir kalla Cinque Terre. Dette er den nordlegaste, største, og har flest butikkar og restauranter. Det er også den einaste av dei 5 som har sandstrand og promenade langs sjøen.

Eit perfekt utgangspunkt for vandringsetappane, og ein fin stad å tilbringe eigentid. Den beste måten å ta seg fram mellom byane er til fots, med tog eller båt. Bilveg finns berre i høgda.

Dei fem byane er Monterossa al Mare, Vernazza, Corniglia, Manarola og Riomaggiore.

Vi har også lagt til ein vandringsetappe til Levanto,, som er i motsatt retning av Cinque Terre, men ein flott tur vel verdt å få med seg.. Der får ein utsikt over heile kyststripa med alle byane.

Vandringsetappane:

Dag 2:

Monterosso- Vernazza 3,5 km og ca 2 timer. Dette er den mest besøkte ruta, og det kan bli litt kø enkelte stadar. På nedstigninga til  Vernazza får ein eit flott overblikk over byen, og er nok den byen som er mest avbilda av Cinque Terre byane. 

Lunsj og eigentid i Vernazza før vi tek tog tilbake til Monterosso.  (Alternativ gå tilbake)

Felles middag på hotellet.

Dag 3:

Tog til Vernazza, her  fortset  vi vandringa der vi slutta i går.

Vernazza- Corniglia 4 km og ca 2 timer.

Liten kafe på oppstigning med flott utsikt.

Corniglia er den einaste byen som ikkje ligg ved sjøen, men på ei høgd.

Eigentid, og lunsj på eiga rekning, før vi går ned dei  nærmare 400 trappetrinna som tek oss ned til togstasjonen. Tog tilbake til Monterosso.

Felles middag på hotellet.

Dag 4:

Lunsj og vinsmaking på den familiedrevne vingården Buranco i Monterosso.

Eigentid før og etter.

Felles middag på hotellet.

Dag 5:

Corniglia- Manarola, via Volastra. 5 km og ca 3,5 timer. Vi stopper på vingården Agrivino della Cantina Capellini, der ein kan kjøpe seg vin og nyte den mellom druerankane.

Eigentid og lunsj på eiga rekning i Manarola.

Manarola- Riomaggiore via Beccara

Etappen er kun 1,5 km, men er bratt med mykje trapper både opp og ned.

Eigentid i Riomaggiore, før vi tek båt tilbake til Monterosso.

Felles middag på hotellet.

Dag 6:

Fridag

Felles middag på hotellet.

Dag 7: Monterosso- Levanto

Ca 2,5 timer og 7 km.

Turen starter  med bilveg, som går over til tursti. Den tek oss opp ca 320 mvh, til eit flott utsiktspunkt. Heretter er går turen langs fjellsida, utan dei store opp og ned stigningane.  Vi går litt i skog og ellers har vi spektakulær utsikt over Liguria havet. Vel nede i Levanto kan ein velge om ein vil utforske byen, ta toget til Monterosso, eller for dei sprekaste gå tilbake over fjellet.

I Levanto er det ei flott stor badestrand, og fleire kafear og butikkar. Området er frodig og bevokst med oliven- og  pinjetre.

Dag 8: Heimreise

Tog fra Monterosso til Sestri Levante, og eigen buss derfra til flyplass.

Ankomst Bergen kl. 16:10

Opplev Venetianernes Venezia: 1. – 5. Juni

*Kun to ledige plassar igjen*

1.-5. Juni tar vi turen til Venezia- ein av verdas vakraste byar! Vi går utanfor turiststrømmen, og jakter på den unike historia, infrastrukturen, logistikken, og ikkje minst få eit innblikk i korleis det er å bu og arbeide i denne byen og  området rundt. Vi vil også komme nær den unike floraen og faunaen på dagsturen vår i lagunen. Med vår kunnskapsrike guide Rita, får vi ei god innføring i korleis dagleglivet i Venezia er.

Vi har også god tid til å beskue dei store serverdigheitene i byen. Markusplassen, Rialto brua og «Sukkenes bro», er berre ein liten smakebit på kva denne byen kan by på.

Dette er turen for deg som vil oppleve Venezia på ein litt annerledes måte enn som vanleg turist!

Pris per person i delt dobbeltrom kr 21500,- (Enkeltromstillegg + kr 3000,-)

Begrensa antall plasser.

Inkludert:

• Fly tur/retur Bergen- Venezia

• 4 netter på 3-stjerners Hotel Citta Di Milano inkludert frukost

• Båttaxi tur/retur Flyplass og Venezia

• 4 middager

• Byvandring og kåseri med norske Rita- «Utanfor turiststrømmen» 

• 1 Aperitif under byvandringa

• Ein kveld i operaen

• 1 Lunsj

• Dagsutflukt med klassisk trebåt- Bragozzo, på oppdagelsesferd i den venetianske Lagunen. Vi stopper undervegs på forskjellige øyer som Murano- glassblåserøya. Lunsj på øyaTorcello, Venezias vugge og Burano, den fargerike fiskerøya. Undervegs skåler vi i Prosecco. Guiden Rita blir med heile dagen.

Ikkje inkludert:

• Reiseforsikring

• Tips 

• Drikke som ikkje er nevnt i programmet .

• Lunsjar som ikkje er nevnt i programmet.

Opplev eventyrlige Svalbard: 14.-19. August

*Turen er fullbooka og stengd for påmelding*

Pris per person i delt dobbeltrom: 24990,- (Pris per person i enkeltrom: 29490,-)

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Bergen – Svalbard

• 5 netter på Svalbard Hotell I Polfareren

• 5 frukoster

• 4 middager

• 1 Lunsj

Utflukter og transport i henhold til program:

• Historisk vandring med guide i Longyearbyen

• Livet i Gruve 3

• Hundespanntur i Adventdalen

• Isbresafari med båt

• ATV Safari

Ikkje inkludert:

• Drikke

• Lunsj

Turprogram:

Onsdag 14. August

Avreise Bergen kl 12.00

Ankomst Longyearbyen  kl. 19.00

Vi blir henta på flyplass og transportert til Svalbard Hotell I Polfareren for innsjekk.

Mingling etter innsjekk.

Torsdag 15. August

Frukost 07.00-09.00

Vi møter i resepsjonen kl 08.55, og gjer oss klar for historisk vandring i Longyearbyen. Lokal guide set søkelys på det vi ser og vil svare på spørsmål, samt fortelle oss om byen si historie, frå gruvetidas start til dagens moderne samfunn. Vandringa tek ca. 2 timer. 

Eigentid/lunsj fram till kl 13.00

Vi møter på nytt i resepsjonen på hotellet kl 12.55, og gjere oss klar for utflukt, som er Livet i Gruve 3.

Det er 20 år sidan gruvearbeidarane låg på golvet og henta ut det svarte gullet fra fjellet. Korleis var det å jobbe i gruvene på Svalbard? Vi får oppleve ein gruvearbeider sin kvardag på Svalbard. Vi blir utstyrt med arbeidsantrekk, og blir med på ei kulturhistorisk vandring djupt inne i fjellet.

Kl. 18.00:  Felles 3- retters middag på hotellet, Polfarerens Restaurant

Fredag 16. August

Frukost 07.00-09.00

Hund på hjul

 I dag bli vi delt i to grupper.

Første grupper møter i hotellresepsjonen kl. 08.55

Andre gruppe møter på samme stad kl. 14.55

I dag skal vi køyre våre eigne hundespann! I stødige vogner med komfortabel fjæring og 4-6 svært arbeidsvillige hunder, tek vi turen innover i Adventdalen. Her ser vi på kulturminner fra gruvetida blandt eit yrande dyreliv i sommarlandskap! Turen tek ca 3,5 timer.

Gruppene som ikkje har aktivitet, har eigentid.

Kl. 18.45 møter alle i resepsjonen, og vi går samla til 2- retters middag på Svalbard Pub.

Lørdag 17. August

Frukost 07.00-08.00

Oppmøte i resepsjonen 07.55

Dagens utflukt er isbre safari!

Vi får utforske naturens mektige isbrear i Isfjorden med båt. På turen kjem vi tett på yrande dyreliv og isbrear. Lunsj inkludert.

Turen tek ca. 6 timar.

Eigentid fram til middag.

Vi møter i resepsjonen kl. 17.45. og bli transportert til 4- retters middag på Gruvelageret.

Transport tilbake til hotellet kl. 22.00

Søndag 18. August

Frukost 07.00-08.00

ATV Safari

Oppmøte i resepsjon kl. 07.55

Vi blir henta på hotellet og transporter til oppmøteplass for ATV turar. Vi kler oss godt og køyrer inn i det sommarlege Svalbardlandskapet, kor djupe dalbunnar og høge fjell er heimen til Svalbardreinen og arktiske revar.

Turen varer ca 3,5 timer

Eigentid fram til middag.

Felles 3-retters middag på Polfareren Restaurant kl 18.00

Mandag 19. August

Frukost 07.00-10.00

Utsjekk

Avgang Longyearbyen flyplass kl 12.15

Ankomst Bergen 18.35

Takk for turen!

Juletur til Praha: 29. november – 4. desember

Bli med oss på ein koseleg førjulsturen til magiske Praha! Vi lover deg ein stemningsfull tur i ein av
Europas vakraste byar. På julemarkedet finn ein handlaga suvenirar, vakker julepynt samt
tradisjonelle tsjekkiske delikatesser. Lufta er fyllt med lukta av krydra gløgg og ferskt bakverk, her er
også musikk og underholdning, alt omkransa av mange tusen julelys som skaper den magiske
julestemninga.

Dette er inkludert:
• Flyreise tur/retur Bergen- Praha
• Buss tur/retur flyplass og hotell
• 5 netter på 4 -stjerners Hotell Mana Strana, inkludert frukost
• 5 middagar
• Middagscruice på elva Vltava, inkludert drikke

• Middag med vinsmaking
• Middag med ølsmaking
• 2 middagar på tradisjonell Tsjekkisk restaurant
• Guida byvandring

Pris per person 13990,-

(Enkeltromstillegg + 3000,-)

Vingårdstur til Piemonte 15.-22. September

Ein unik mulighet til å kunne oppleve det gode liv på landsbygda i Italia! Er du klar for ein turopplevelse utanom det vanlege?

Vi bur på vingården Cascina Allegria som er eigd og drevet av det norske paret Trine og Endre. Dei var å sjå på TV2 programmet « Nå eller aldri» i 2017, der dei satsa alt dei hadde på å leve det gode liv i Piemonte. Dei er lagt ned utallige arbeidstimar for å få vingården i stand slik som den framstår no! 

 Vi fordeler oss i dei tre leilighetene, 3 til 4 personer i kvar leilighet. Det er eit soverom i kvar leilighet, og dobbel sovesofa på stua. Så denne turen passer for dei som ikkje kvir seg på dele leilighet, eller om ein reiser 3-4 personer saman.

På vingården er det basseng, overbygd spiseplass og eit koselig felles uteområde med utsikt mot druerankane. Kjøkken og bad i alle leilighetene. 

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Bergen- Milano

• Transport fra Milano til vingården Cascina Allegria, og retur. 

• 7- netter i delte ferieleiligheter 

• 7 frukoster

• Kveldsmåltid ved ankomst

• Vinsmaking av gårdens viner

• Dersom innhøsting, får vi være med  å plukke druer😊

• 2- dagers sykkelleige på el-syklar

• Sykkeltur til Canelli- omvisning i vinkatedralen Contratto med inkludert smaking.

• Dagsutflukt til Portofino, inkludert båttur

• Kokkekurs med norske Caroline Schoning på vingården- Avsluttes med middag

• 5- retters middag på den lokale restauranten i landsbyen

• 2 middager på vingården

• Kveldsmåltid tilgjengelig i leilighetene.

Ikkje inkludert:

• Lunsjer på utfluktene (Canelli og Portofino)

• Drikke utanom program

• Tips

Pris per person 19490,-

OBS: Maks antall plasser på denne turen er 10

Vandringstur til Dolomittane: 25. August – 1. September

Pris per person i delt dobbeltrom kr 19990,- (Enkeltromstillegg kr 3500,-)

Inkludert i turen:

  • Flyreise tur-retur Bergen-Milano
  • Transport tur/retur Milano-Cavalese
  • 7 netter på 4-stjerners La Roccia Welness Hotell
  • 7 frukostar
  • 7 middagar
  • 5 vandringsturar inkludert transport, taubaner og guide
  • 2 lunsjpakker
  • 1 Lunsj på hotellet si fjellhytte (inkludert el- sykkel som transportmiddel)
  • Inngang til spa anlegg under heile opphaldet

Ikkje inkludert:

• Reise og avbestillingsforsikring

• Drikke til middag

• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet

Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent  for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot  toppane.

Basen vår blir i Cavalese, ein by med i ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh.

Turane vil ha middels vanskelegsgrad. Tempoet blir moderat.

Våre vandringsmål:

• Torre di Pisa

• Cristo Pensante til Cima Castellazzo

• Moregna, 3 innsjøer til Predazzo

• Soloppgang på Det kvite Horn og opplev Dolomittane fra innsida i Bletterbach canyon

• Alpe Cermis til  Bombasel Lake

Azorene – 3. – 9. Juni 2023

«Etter at vi forlet synet av fastland, set flyet kursen utover Atlanterhavet. Etter drøye to timer med kun hav under oss, kjem eit magisk grønt og frodig rike til syne blandt alt det blå. Eit eventyrland! Frodige krater, med innsjøar i mange fargeskalaer viser seg fram og gjere oss ekstra spente. Gjestfrie mennesker tek i mot oss, som med stoltheit gleder seg til å vise fram øyriket som ligg så langt unna resten av verden. Sjølvhjulpne på alle måtar. Så mykje historie, kultur, natur og ein fantastisk flora vi har i vente….»

Pris per person i delt dobbeltrom kr 18990,- (Enkeltromstillegg + kr 3000,-)

Inkludert i turen:

• Fly tur/retur Oslo- Ponta Delgada

• 6 netter på  4-stjerners Sao Miguel Park Hotel

• Transport tur/retur flyplass i Ponta Delgada til hotell

• 6 frukoster

• 6 middager, der ein er på Bacalao med Fado underhaldning.

• 1 lunsj

• 2 lunsjbokser

• 2 timers byvandring med guide

• 2 vandreturar med transport og guide

• 2 dagsutflukter til blant anna varme kilder, botanisk hage, teplantasje, utsalg av lokale drikker og fleire utsiktspunkt.

Ikkje inkludert:

• Reisa fra heimen til Oslo og retur, Evt. overnatting

• Drikke

• Tips

Utfluktene våre:

• Vandringstur med guide til Sete Cidades. 12 kilometer. Cumeira Grande, inkludert utsiktspunktet Canario.  Vanskelegsgrad: Lett. Vi utforskar vestsida av Sao Miguel. Sete Cidades innsjøen er ein av dei mest kjende og legendariske innsjøane på øya. Gjennom den 12 kilometer lange turen vil ein ha moglegheit til å lære om faunaen, floraen, historia, og dei vulkanske formasjonane om øya. Og sjølvsagt høyre den legendariske kjærlighets historia bak   innsjøen. Etter vandreturen vil vi køyre langs sørkysten og stopper i Ferraria, eit forfriskande  sjøbad, der sjøvatnet er oppvarma fra innsida av eit vulkankrater. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Det blir servert eit enkelt måltid på turen. 

• Biltur til Furnas.  På denne turen vil vi kunne føle og oppleve opprinnelsen av vulkanen i Furnas, ein magisk stad. Vi startar med ei spektakulær utsikt over Furnas-krateret der vi for ei oversikt over innsjøen og landsbyen Furnas. Vi fortset deretter med bil ned til innsjøen der vi tek ein roleg spasertur til Caldeiras da Lagoa das Furnas (Furnas lake Calderas). Dette er staden der restaurantane i byen  koker den kjende «cozidos das Furnas» ein nydeleg matrett som er laga av varme frå jorda! Vi fortsetter deretter turen til byen Furnas med varme kilder  som  inneheld vatn med ulike smakar.  Vi blir servert Cozido-måltidet på ein lokal restaurant. Etter lunsj besøker vi Terra Nostra botaniske hage som som er kjend for si store samling med planter som har opprinnelse frå Azorene, og ellers planter fra heile verden som likar seg i dette klimaet. Der kan ein også  bade i eit jern-rikhaldig varmt svømmebasseng som har ein temperatur på 35-40 grader. Ein herleg opplevelse! Men pass på å ha hodet over vatnet og gjerne mørke badekle, då vatnet kan misfarge både hår, kle og skjegg😊 På vegen tilbake stoppar vi ved Europas einaste te-plantasje og utsiktspunktet Sta Iria på nord kysten av øya.

Anbefalt å ha med seg: gode sko, badekle, handkle og drikke. 

• Vandringstur med guide til Faial da Terra til Salto do Prego. 11 kilometer Vanskelegsgrad: Medium. Faial da Terra er ein liten landsby i Provoacao,  som ligg sør -aust på øya. Turen vår startar på ein sti som leder oss til Sanguinho- ein landsby som har vore forlatt sidan begynnelsen av 70- talet. .Resten av turen går på stiar i skogen med mange små opp og nedstigningar i tett og nydeleg vegetasjon. Dette er verkelege ein tur der du kan lukte alt det grønne omkring deg! Når ein når fram til Salto do Prego`s fossefall, har ein mogelegheit til å ta eit bad. På vegen tilbake følger vi ein sti, men med samme type vegetasjon. Når turen er ferdig har vi tid til ein matbit, eller så kan ein mingle med lokalbefolkninga. Anbefalt å ha med seg: Lette kle, genser, regnjakke, gode tursko, badekle og handkle, solkrem, sekk og vatn. Lunsjpakke er inkludert i denne turen. 

• 2 timer  byvandring med guide

• Biltur til Lagoa do Fogo. På denne turen vil vi køyre opp på toppen av Fogo fjellet det du vil ha ei spektakulær utsikt over Fogo innsjøen, vulkan krateret, og over øya og sjøen. Denne innsjøen er heilt blå, og er ein av dei flottaste innsjøane på øya. Etterpå vil vi bli køyrt til Caldeira Velha der ein kan få bade og slappe av i termisk basseng som er omkransa av storslagen fauna og flora. Deilig varmt vatn frå jordas indre!

Vi stopper med ein butikk, der dei sel lokale drikkevarer, før vi avslutter turen ved eit stopp på den flotte stranda Sta Barbara.      

Anbefalt å ha med seg: badekle og handduk, ei lita niste og drikke.

Våre turar passar like godt for dei som reiser aleine, som dei som reiser i par eller grupper. Vi vel å ta med oss små grupper, slik at ein har mogeleheit til å bli godt kjende med kvarandre.

Vi vil gjere alt for at du skal få ein flott tur saman med oss!

Vil du være med? Send en mail til tove@tovetorareiser.no

Førjulstur til Bremen 1. – 5. Desember

Pris per person i delt dobbeltrom kr 11990,- (Enkeltromstillegg kr 1600,-)

Årets førjulstur går til  Bremen. Julemarkedet i Bremen er omtalt som eit av Tyskland sitt eldste og finaste julemarked. Marknadsplassen som blir fylt opp med over 170 dekorerte salgsboder og romantiske julelys, er omringa av bygningar fra middelalderen, og byr på julestemning utanom det vanlege. I salgsbodene kan ei kjøpe juleartiklar, souvenirer, gaver, og gastronomiske smaksopplevelsar som til dømes gluhwein, kringler, brente mandlar og karameliserte epler.

Også ved elvepromenade Schlachte er det klargjort for julestemning, men her er det servering som gjeld. Her lukter det av nybakt brød, røkt fisk og det fins også utallige variasjoner av fingermat.

Julemarkedet i Bremen gir ein følelse av å gå tilbake i tid til Middelalderen og Hansatida, og til då skipa kom heim fra fjerne land med velsmakande førjulslast.

Bydelen Schnoor har Bremens eldste bebyggelse, som tek oss tilbake til 1400-1500 talet, og kan friste med med flotte hus i bindingsverk, som ligg tett i tett i snirklete gater. Her kan ein finne mange skatter i form av handverk, smykker og tradisjonell tysk mat. For dei som er glad i å fotografere, er nok dette området eit absolutt høgdepunkt i byen. Ein må heller ikkje gløyme  at Bremen også er kjent for eventyret «Bymusikantane», fra eventyret til Brødrene Grimm, ei verdenskjent og kjær historie!

Vi lover vi deg julestemning, god mat og drikke, eigentid, samtidig som ein får tid til å senke skuldrane i hotellet si spa avdeling.

Vil du bli med oss på tur? 😊

Inkludert:

• Fly tur-retur Bergen- Hamburg, avreise Flesland kl. 09.20

• Transport  fra Hamburg til hotell i Bremen

• 4 netter på 4 stjerners spahotell, Best Western Hotel zur Post

• 4 frukoster og fri inngang til spa området.

• 4 middager, inkludert drikke

• Omvisning på Becks bryggeri, inkludert ølsmaking

• Guida tur

Ikkje inkludert:

• Lunsj

Påmelding innan 30. Oktober, begrensa antall plasser!

Detaljert dagsprogram vil bli sendt ut seinare til dei påmeldte.