
Sykkeltur i Alsace – fra Obernai til Colmar
Bli med på en stemningsfull gruppetur gjennom vakre Alsace! Vi sykler fra sjarmerende Obernai til historiske Colmar, gjennom vinmarker, små middelalderlandsbyer og naturskjønne landskap. Turane er overkommelege og passer for alle som har lyst på ein sosial, aktiv opplevelse. Reiseleder med fra Norge, trygge ruter, hyggelige stopp underveis og ekte Alsacestemning!
Meld deg på – Kun 10 plasser på denne turen!



INKLUDERT:
• Fly tur/retur Oslo- Zurich
• Transport Zurich- Obernai og Colmar- Zurich
• 6 overnattingar på utvalgte hotell i Obernai,Ribeauville og Colmar inkludert frukost
• 5 dagers sykkelleige, el sykler inkludert transport av bagasje mellom hotell
• 6 3-retters middag
• 1 vinsmaking og lunsj
• 1 lunsj
• 1 vinsmaking
• 1 ½ timers byvandring med engelsktalande guide i Colmar
IKKJE INKLUDERT:
• Tips
• Lunsj 2 av dagane
Pris per person i delt dobbeltrom: 24.990,- (enkeltromstillegg: 4500,-)



Dag 1: Avreise fra Oslo kl. 09:50 – ankomst Zurich kl. 12:10.
Vi blir henta med buss som tek oss til Obernai der vi skal bu dei to første nettene. Men undervegs stopper vi ved Rhine Falls, Europas største fossefall målt i vannmengde. Med bredde på 150 meter og høgde på 23 meter, får vi ta del i ein mektig naturopplevelse. Utsikta er spektaklulær, stemninga intens og vi får sjå dei mektige naturkreftene heilt nærme.
Ankomst Obernai og 2 overnattinger på 4-stjerners Hotel Le Colombier. Felles middag.
Dag 2: Vinsmaking og lunsj i Gertwiller.
I vinmarkene i Alsace finn ein 7 ulike druesortar: Sylvaner, Muscat, Riesling, Piont Blanc, Pinot Gris, Pinot Noir og Gewurztaminer. Sjølve vinvegen i Alsace er 170 km lang og svinger seg gjennom hjertet av Alsace regionen mellom vingårder, blomstrande byer og grønne åser. Vi sykler ein del av den, ikkje heile.
Vi besøker ein vingård i Gertwiller, ein sjarmerande liten by i Ras-Rhin, kjent for sine gourmet-pepperkaker, og kvaliteten på vingårdane. Her får vi servert ein enkel lunsj saman med vinsmakinga.
Vi sykler tilbake til Obernai langs vinvegen. Ca 16 km og ca 1 time sykling tur retur. Felles middag.
Dag 3:
Etter frukost, pakker vi og set oss på syklane igjen og sykler langs vinvegen mot Riquewihr der vi har vinsmaking på Domaines Dopff. Dopff er ein av dei store vinprodusentane i Alsace, og dei eksporterer også vinen sin til Skandinavia. Her får vi smake 4 forskjellige viner saman med bretzel. Etter vinsmakinga sykler vi videre til Byen Riquewihr, der for lunsj, samt vandring på eigenhand i denne lille perla av ein by.
Riquewihr er ein av dei best bevarte middelalder byane i heile Frankrike, omgitt av vinmarker langs den berømte vinvegen i Alsace. Her møter vi fargeglade korsvirkehus, blomsterpynta vinduskarmar, brosteinsgater og små torg der det ser ut til at tida har stått stille. Byen er omringa av gamle bymurar og vingårder som brer seg utover dei mjuke åsane rundt. Felles lunsj.
Etter besøket i Riquewihr set vi oss på syklane og set kursen til Hotel de la Tour i Ribeauville for innsjekking. Felles middag. Dagens etappe er ca 50 km, og rein sykkeltid mellom 2 ½ – 3 timar totalt. (Ikkje inkludert dei planlagde stoppa)
Dag 4:
Etter ein god frukost på hotellet finn vi fram syklane igjen og tek turen til Keyserberg, ein sjarmerande liten by, som i likhet med Riquewir har fargerike korsvirkehus og brosteinsgater. Her finn ein også den ikoniske middelalder steinbrua som leder inn i gamlebyen. Ovanfor byen ligg ruinane av Chateau de Kayserberg, som byr på ei fantastisk utsikt over dalen og vinmarkene.
Lunsj på eigenhand. Retur til hotellet i Riebeauville. Felles middag.
Etappen er ca 22 km tur/retur og tek i underkant av 2 timer i sykkeltid (utan stopp).
Dag 5:
I dag går turen vidare til Colmar, siste overnattingsstad på turen. Dagens etappe er 22 km og tek ca 1 time og 10 min, utan stopp.
Innsjekk på 4- stjerners Grand Hotel Bristol Colmar. Gamlebyen i Colmar er ein av dei best bevarte i Europa. I området «vesle Venezia», (Le petit Venice) er det små kanalar mellom husa som skaper eit romantisk og svært fotografert miljø, som er byens signatur. Lunsj på eiga rekning. Vi skal ha ein 1 1/2 timer guida tur her (engelsktalande guide.) Felles middag.
Dag 6:
Etter frukost, sykler vi på nye deler av vinvegen. Vi bestemmer ruta undervegs, og tek lunsj når det passar.
Lunsj på eiga rekning. Vel tilbake i Colmar, leverer vi fra oss syklane. Felles middag.
Dag 7: Frukost og utsjekk.
Vi tek ein avslappande formiddag i Colmar. Lunsj på eiga rekning, før vi set kursen mot flyplassen i Zurich. Flyavgang 21.30 og ankomst Oslo 23:50.