Nye toppar i Dolomittane: 20. – 27. August

Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent  for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot  toppane.

Cavalese er ein by med ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh. Basen vår under opphaldet blir La Roccia Hotell, eit flott 4-stjerners spa og velvære hotell sentralt i byen. Det er ikkje lett å beskrive skjønnheten og naturen i Dolomittane, det må opplevast!

Inkludert i turen:

• Flyreise tur-retur Bergen- Bergamo
• Transport tur/retur Bergamo-Cavalese
• Transport til og fra vandrestartpunkt i henhold til program.
• 7 netter på 4-stjerners La Roccia Wellness Hotell 
• 7 frukostar
• 7 middagar
• 4 vandringsturar inkludert transport, taubaner og guidar
• 1 Lunsj på hotellet si fjellhytte (inkludert el- sykkel som transportmiddel)
• 4 nistepakker
• Inngang til hotellet sitt flotte spaanlegg under heile opphaldet

• Sykkeltur til hotellet si hytte der vi får servert lunsj
• Besøk på La Sportiva fabrikkutsal
• 1 fridag til eigen disposisjon

Ikkje inkludert:

• Reise og avbestillingsforsikring
• Drikke til middag og ellers
• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet
• Tips til sjåførar og guider

Pris per person i delt dobbeltrom 24990,- (Enkeltromstillegg + 4100,-)

Våre utflukter:

Alpe Cermis: Fjellet som troner på toppen av Tour du Ski`s monsterbakke. Her vil vi få nyte panoramautsikt over Cavalese og Fiemme dalen. Vi tek gondolbana heilt opp til Paion del Cermis, 2240 moh, der vi startar dagens vandring mot Bombasel innsjøen. Derfra vandrar vi mot Cimon de to della Trappola som er målet vårt denne dagen, 2480 moh. Enkel til medium vanskelegsgrad

Rifugio Mulaz: Vi vandrar i eit postkortmotiv i grønne omgivelsar, og i neste øyeblikk går vi opp langs dei kvite ikoniske fjella som er sjølve Dolomittane! Rutevalg ikkje bestemt. Medium vanskelegsgrad.

Piz Boe: Vi starter med taubane fra Passo Pordoi (2240 moh) som tar oss opp til ein av dei mest besøkte toppane i området, Sass Pordoi (2947 moh) Herfra starter dagens vandring i noko som ligner eit månelandskap. Det blir kortare parti der vi held oss i tau og går i enkelte metalltrinn. Sjølv om den krev eit sikkert trinn, byr ikkje ruta på betydelige vanskelegheter. Toppen Piz Boe når vi på 3152 moh, og vi blir belønna av ei fantastisk utsikt! Medium vanskelegsgrad. 7,8 km. Estimert tid 3 timer og 15 minutt.

Dei tre innsjøane i Lagorai: Denne turen er ein rundtur som krysser dei tre alpine innsjøaane Lago Moregna, Lago delle Trute og Lago Brutto. Ruta slynger seg langs Lagorai fjellkjeda, og når høgder på over 2000 moh. Medium vanskelegsgrad. 11,1 km. Estimert tid 5 timer.

Turane vil ha middels vanskelegsgrad. Tempoet blir moderat. Det kan komme endringar av turmål, då vi må ta forhåndsreglar undervegs i henhold til været.

Flytider tur/retur:
Onsdag: 20. August
Avreise Bergen: 10:25
Ankomst Bergamo: 12:55

Onsdag: 27. August
Avreise Bergamo: 13:40
Ankomst Bergen: 16:10