
Kven har vel ikkje sett bilder av det eventyrlege og vakre landskapet i Toscana? Dei rullande åsane med druerankar så langt auga kan sjå. Vi har valgt oss ein base for vår sykkeltur nettopp i dette bildet! Vi bur godt på Castellare Di Tonda Tuscany Country resort og spa. Eit roleg område der ein får nyte stillheten på landsbygda, samtidig som ein kan beskue dei vakre omgjevnadane. Her er det mogeleg til restitusjon mellom dagane på sykkelsetet, enten ved bassengkanten eller på resorten sin eigen spa. Med andre ord, eit godt utgangspunkt for flotte sykkelturar i passeleg tempo!
Pris per person 25900,- i delte rom/leiligheter (Enkeltromstillegg + kr 2000,-)



Inkludert i turen:
• Fly tur/retur Bergen- Firenze (avreise Bergen 06:30)
• Transport tur/retur flyplass Firenze og overnattingsstad.
• 6 netter innlosjert i leiligheter på Castellare Di Tonda Tuscany Country Resort og Spa
• 6 Middager
• 6 Frukoster
• 2 Lunsjar
• 1 vinsmaking
• Inngangsbillett til termisk bad
• 4 dagers leige av el-syklar, inkludert guide, følgebil, forsikring for sykling
• 4 dagsturer på sykkelsetet fra Castellare Di Tonda til San Giamignano, Volterra, Siena og Casciana Terme.
Ikkje inkludert:
• Drikke
• Reiseforsikring
• Tips



San Giamignano blir ofte kalla middelalderens Manhatten, noko ein vil forstå når ein nærmer seg landsbyen. Den lille byen står på ei lita høgde 330 meter over havet, og står også på UNESCO si verdsarvliste. Når ein vandrer runst i byen, får ein følelsen av åbefinne seg på 1400- talet.
Byen er kjent for sine mange tårn. Opprinneleg hadde den 72 tårn, men berre 14 av dei står fortsatt på sin opprinnelege plass. Det høgste tårnet er Torre Grossa med sine 54 meter. Tårna var eit symbol på rikdom, og rivaliserande rike familiar kjempa om å bygge deg høgste tårnet.
Visste du at i denne byen kan ein kjøpe verdas beste is? Sergia Dondoli driv isbaren Gelateria di Piazza, og han vinn stadig prisar for sin fantastiske iskrem.



Volterra er kanskje ein av dei vakraste byane i Toscana. Byen er omringa av sju kilometer med middelaldrige og etruskiske bymurar. Byesn hjerte er Piazza dei Priori, plassen framfor rådhuset Palazzo dei Priori. Sentrum består av smale svingete gater som slynger seg forbi gamle kirker, palasser, restauranter og verkstader. Byen er kompakt, og passer perfekt for eit dagsbesøk.



Siena er ein by i provinsen Siena i regionen Toscana. Det historiske senteret i byen er ein del av verdarvlista til UNSECO. Byen er også kjend for Palio di Siena, eit årleg hesteløp med lange tradisjoner, som forgår på sentrumsplassen Piazza del Campo. Den er forma som ei vifte, og er svakt skrånande. Mursteinane i fiskebeinsmønster er fra slutten av 1200- talet!
Siena er i likheit med Roma bygd på sju høgder, noko ein vil legge merke til når ein vandrer i mange av dei bratte smuga fra middelalderen. Dersom ein ønsker seg utsikt, kan ein gå dei 505 trappetrinna opp til tårnet Torre del Mangia. Herfrå får ein ei flott utsikt over byen og området rundt, som kan ta pusten av dei fleste!



Casciana Terme er ein liten landsby som er kjend for sine varme kjelder. Den er omkransa av grønne og slakke bakker, og bebygd av gamle små og solrike hus. Vatnet har ein temperatur på 35,7 grader, og er rikhaldig av bikarbonat, sulfater og kalsium. Dette vatnet er kjend for sine terapautiske egenskaper. Vi skal sjølvsagt besøke Casciana Thermal bad og spa! Her får ein god tid til å «heale» kroppen etter sykkeletappen😊
Med El-syklar blir syklinga ein leik, og kvar enkelt kan bruke den tyngda ein sjølv vil. Vi kjem til å ha med oss to instruktørar, ein som sykler i front, og ein bak. Samt ledebil på to av turane. Dermed blir etappane tilpassa kvar enkelt, og alle får sykle i sitt eige tempo.