
Vi ser fram til å vise dykk Val di Fiemme og dei flotte fjella som omkransar dalen. Området er kjent for variasjonen mellom frodige alpeenger og spisse fjelltinder. Dette er eit ynda reisemål både for skituristar og dei som er glade i å vandre på flotte stiar i nydeleg natur. Dei mange gondolbanene tek oss raskt opp i høgda, dere ein kan fortsette vandringa mot toppane.
Cavalese er ein by med ca 4000 innbyggjarar. Dette er også hovudsenteret i Fiemme dalen, og ligg ca 1000 moh. Basen vår under opphaldet blir La Roccia Hotell, eit flott 4-stjerners spa og velvære hotell sentralt i byen. Det er ikkje lett å beskrive skjønnheten og naturen i Dolomittane, det må opplevast!



Inkludert i turen:
• Flyreise tur-retur Bergen- Bergamo
• Transport tur/retur Bergamo-Cavalese
• Transport til og fra vandrestartpunkt i henhold til program.
• 7 netter på 4-stjerners La Roccia Wellness Hotell
• 7 frukostar
• 7 middagar
• 5 vandringsturar inkludert transport, taubaner og guidar
• 1 Lunsj på hotellet si fjellhytte
• 3 nistepakker
• Inngang til hotellet sitt flotte spaanlegg under heile opphaldet
• Besøk på La Sportiva fabrikkutsal
• 1 fridag til eigen disposisjon



Ikkje inkludert:
• Reise og avbestillingsforsikring
• Drikke til middag og ellers
• Resterande lunsjar som ikkje er med i programmet
• Tips til sjåførar og guider
Pris per person i delt dobbeltrom 26990,- (Enkeltromstillegg + 5000,-)
Våre utflukter:
Alpe Cermis: Vi tar gondolen opp til toppen for å få med oss den spektakulære utsikta over Fiemme dalen. Fjellet som troner på toppen av Tour du Ski`s monsterbakke. Her vil vi få nyte panoramautsikt over Cavalese og Fiemme dalen. Vi tek gondolbana heilt opp til Paion del Cermis, 2240 moh, der vi startar dagens vandring mot Bombasel innsjøen. Derfra vandrar vi mot Cimon de to della Trappola som er målet vårt denne dagen, 2480 moh. Enkel til medium vanskelegsgrad



Rifugio Mulaz: Vi vandrar i eit postkortmotiv i grønne omgivelsar, og i neste øyeblikk går vi opp langs dei kvite ikoniske fjella som er sjølve Dolomittane! Rutevalg ikkje bestemt. Medium vanskelegsgrad.
Piz Boe: Vi starter med taubane fra Passo Pordoi (2240 moh) som tar oss opp til ein av dei mest besøkte toppane i området, Sass Pordoi (2947 moh) Herfra starter dagens vandring i noko som ligner eit månelandskap. Det blir kortare parti der vi held oss i tau og går i enkelte metalltrinn. Sjølv om den krev eit sikkert trinn, byr ikkje ruta på betydelige vanskelegheter. Toppen Piz Boe når vi på 3152 moh, og vi blir belønna av ei fantastisk utsikt! Medium vanskelegsgrad. 7,8 km. Estimert tid 3 timer og 15 minutt.



Weisshorn – Det kvite Horn: I dag tek vi ein kortare tur, men ikkje mindre spektakulær, til Det kvite Horn. Vi startar i Oclini som ligg 2000 moh. Vi når toppen på 2316 moh, og turen tek mellom 45 min og 1 time for å nå toppen. Her går vi også på godt tilrettelagt sti med jamn stigning, og ei utsikt som berre blir betre og betre etterkvart som vi nærmer oss målet. Fra toppen ser vi ned i Bletterbach Geopark, som ligg på UNESCO si verdsarv liste. Geoparken er kjend som Syd Tirol sitt svar på Grand Canyon med sine geografiske formasjonar av Dolomittane. Her er det meir enn 40 millioner år med geologisk historie, og juvet gir innsikt i den indre delen av Dolomittane sin struktur. Vel nede igjen stoppar vi i Lavaze for lunsj. Her bruker både langrennsløparar og skiskyttarar å trene t il sesongstart. Også dei norske utøvarane tilbring mykje tid her! På kafeen får vi servert ulike fat med pastarettar, og får ein god smakebit på kvifor italienerane er så gode på pasta!
Torre di Pisa: Vi tek buss til Pampeago, der fjellheisa fører oss raskt opp fra 1750moh til 2015 i Latemar. Herfra starter vi dagens vandring mot toppen, via Passo Feudo. Turen opp er beregna til ca. 2 timar, med jamn stigning. Siste halvtimen kjem vi opp i fjell, og går litt på smalare sti med litt ujamn høgde på stega. Vi når toppen på 2671 moh.
Flytider tur/retur:
Onsdag: 26. August
Avreise Bergen: 10:25
Ankomst Bergamo: 12:55
Onsdag: 2. September
Avreise Bergamo: 13:40
Ankomst Bergen: 16:10














































































































